Berre ein test, del 2: Perspektiv (eittpunkts)

Mitt forsøk nummer 2 på å lage teikneseriar med det nye teiknebrettet mitt. Alt er gjort på ein kveld, og jada, eg veit at ting ikkje eigentleg ser VELDIG bra ut, og eg tar sjølvsagt imot alle tilbakemeldingar på korleis eg kan bli betre - men ta dette som det det er: Eit forsøk på å bli vand med eit nytt teikneredskap. Og eg hadde ALDRI fått til noko så avansert som dette om eg ikkje hadde hatt photoshop-layers å lene meg på.

Motivet er slik eg ser for meg at første side av historia ville ha sett ut dersom eg skulle ha byrja å lage Pacham igjen. Og om nokon skulle lure - nei, det tyder ikkje at det neste de får sjå er side 2. Foreløpig må eg berre trene på sjølve teiknebiten - og eg følte at dette var eit ganske bra motiv å trene perspektiv på. Og berre så det er sagt - den dagen eg faktisk set meg ned for å teikne denne ruta på ordentleg, vil nok byplanlegginga vera langt meir forseggjort.

Publisert 05.10.2012

8 kommentarar

Frk. Blips skreiv:

"Nord-Trøndelag":-D

For å unngå at vinduskarmer etc. blir alt for buklete, men samtidig beholde det håndtegnete preget, kan du bruke Photoshop-verktøyet (shift-knappen) og "skisse" tynn rettlinjestrek og så streke på frihånd med tykkere strek over.

05.10.2012, 16:12:02

Olaf skreiv:

Det er faktisk akkurat det eg har gjort! :-D (Men streken blei kanskje litt VEL frihands?)

Eg streka opp alt med Line Tool og slengte deretter eit nytt lag oppå som eg teikna sjølve bygningane på. Unntaket var vindauga på den sentrale bygningen, der slo eg berre på Grid og teikna vindauge på 1x1 cm med halvcentimetrar mellom seg med frihand, alt med blyantverktøy. Men når du seier det, ser eg jo at enkelte av linjene er VEL buklete...

05.10.2012, 17:02:00

Frk. Blips skreiv:

Kan hende du ikke forstørret bildet nok før du tegnet over. Jeg trenger i hvert fall å bruke forstørrelsesglasset og zoome kjempenært for å få det til jevnt.

05.10.2012, 17:36:50

Bowser3620 skreiv:

Meget godt perspektiv her. Man kan se du behersker teorien. Skulle vært gøy å sett noe virkelig avansert trepunkts fra deg, men det er tidkrevende.

Som nevnt over, er streken veldig ujevn. Du kunne kanskje forsøkt å stramme den opp litt, men det er samtidig noe med at den er såpass ujevn over hele bildet, som gjør at det fungerer som en helhet. Kanskje pass på at parallelle streker helst ikke bør berøre hverandre så mye.

05.10.2012, 17:43:17

Olaf skreiv:

Blips: Det er nok det største problemet her, ja. Neste gong blir det definitivt meir zooming.

Bowser: Ikkje frist meg. Trepunkts hadde vore utruleg gøy, men eg må tenkja på det. Som sagt - tidkrevande.

05.10.2012, 18:51:08

Catya skreiv:

Perspektiv er vanskelig....

05.10.2012, 21:28:03

Knut R Knutsen skreiv:

Eg må nesten anbefale Freddie Williams si bok "The DC Comics guide to Digitally Drawing comics" att. Den har mykje interessant mellom anna om vektor-bruk, og den bruker Photoshop som verkty. Manga Studio har visst mange gode hjelpemiddel òg speseilet på prespektiv, men der er vel "Manga Studio for Dummies" betre. Eg har bestilt eit Wacom teiknebrett no, så eg driver og leser meg opp på kva som passar meg best.

06.10.2012, 01:01:40

Olaf skreiv:

"Test"

29.03.2014, 19:51:29

Logg inn

Skriv ein kommentar

Ditt namn:

Di e-postadresse:

Din nettstad:

Din kommentar: